Kva kan vi tilby

Vi har rigga oss til med eit lunt og trivelig kurslokale innanfor dei tjukke gråsteinsmurane under gardshuset frå 1880. Her har det vore brygga øl og fortalt skrøner sidan huset var nytt, og dette skal vi fortsette med. Langbordet står klart til å ta imot større og mindre grupper.

Ølsmaking: Vi benker oss rundt langbordet, og tek ei reise gjennom det eventyrlege smaksuniverset som kveikane har å by på, samtidig som vi fortel ølhistoria til vestlandsbonden. Her kan det og vanke ein liten matbit om ønskeleg. Passer i utgangspunktet for grupper opp til 15 personar, men og tilpassast større grupper.

Dagskurs i tradisjonsbrygging. Vi startar bryggedagen kl 10.00. Når deltagarane kjem, er det alt god fyr under einelågen, slik at dagen blir så effektiv som mogeleg. Ein får her vere med på ei komplett brygging av eit tradisjonelt råøl frå A til Å. No er det like mange måtar å brygge på som det bryggarar - men dette er slik som min gamle oldefar brygga sitt legendariske konnjøl. Det vert servert ein enkel lunsj, og det vankar smaksprøver på øl brygga med ei utval forskjellege kveikar. Bryggedagen sluttar rundt kl 1700 ved at vi kaukar i gong kveiken. Passer best for grupper under 10, men vi kan også her få plass til opp mot 15 personar. Sjekk kalenderen for planlagde bryggedagar, grupper kan avtale ein dag det måtte passe

“All-inkveiksive” bryggekurs. Her kan vi hente deltagarane på flyplassen første ettermiddag og innkvartere dei enten på garden eller i nærleiken. Vi disponerer både overnattingsrom i huset på garden, ei leilegheit i sentrum og nokre andre alternativ. Første kveld handlar om den vestlandske ølhistoria, smaking av eit utval øl med kveik og eit godt kveldsmåltid. Dag to vert ein full bryggedag, der vi bryggar det klassiske råølet, inkludert koking av einerlåg, opplegg av ryst, humlebeite, mariauge og gjærkauk. Om størrelsen på gruppa er passande, kan pakken inkludere ein Beermakers Dinner på ein lokal restaurant der mat og øl er nøye avstemt. Dag tre vil vere oppsummering, ein første smak på brygget og sjekk av kva kveiken har fått til på dei 16 -18 timane som har gått sidan vi avslutta dagen før. Vi avsluttar med å frakte deltagarane tilbake til flyplassen. Passer for grupper opp til 10 personar. Vi arrangerer dette kurset eit helg i månaden – sjekk kalenderen. Grupper kan ta kontakt og avtale dagar også utanom helg.

Oppskåk. Her har vi «juksa lite grande» som ein kjent fjernsynskokk ville sagt det. Gruppa møter opp til eit ferdig gjæra råøl brygga på einerlåg og kveik. Ein får vere med på å ause opp ølet frå gjæringstønna (Gilen) og over på lagringsfat. Dette er den tradisjonelle feiringa av at gjæra også denne gongen har gjort jobben sin, og omdanna vørter til øl og brukte å samle heile nabolaget. Frå gamalt av, var det vanleg at 20 til 40% av ølet forsvant denne kvelden, og det var slett ikkje uvanleg å finne naboen fortsatt i kjellaren neste morgon. Vi skal la dette foregå i sømelege former, men å få smake på det heilt ferske, varme ølet er ei oppleving ein seint gløymer. Her vil det også vanke smaksprøver av forskjellege kveikar og ein gjennomgong av ølhistoria til vestlandsbonden. Passar for grupper opp til 15 personar.

I kalenderen vil du finne “Oppskåk” tirsdag etter dei oppsette bryggehelgene. Grupper kan avtale ein dag som passar.

Foredrag / kurs. Vi kan flytte oss frå Tormodgarden og halde kurs eller foredrag på andre stader. Sjølve bryggeutstyret vårt er vanskeleg å ta med, men det er fullt mogeleg å lage eit tradisjonsbrygg på stort sett alt utstyr. Eit foredrag kan handle om tradisjonbrygging gjennom tidene, om kveiken som fenomen eller om vestlandsbonden, sjølvberging og ølbrygging. Ta kontakt, så kan vi utforme eit opplegg som kan passe.

Collab / Sambrygging. Vi kan og vere med på å brygge eit tradisjonsøl eller eit anna kveikøl på eit kommersielt bryggeri. Her kan vi diskutere kva økonomisk potensiale som ligg i å bytte ut ei standard industrigjær med ei mykje raskare gardsgjær, og kva smaksspekter ein kan forvente å få ut av kveik brukt på rette måten.  

Ta kontakt for ein prat om kva vi kan gjere for deg eller di gruppe!


Innkvartering

Sykkylven ligg vakkert til langs fjorden, berre 45 minutt unna Ålesund, og ca 1 time unna Ålesund lufthavn, Vigra. Hit går det fly frå m.a. Oslo, Bergen, Trondheim, København og Amsterdam, så det er lett å kome seg til oss.

Avhengig av størrelsen på gruppa, så innkvarterer vi enten lokalt på garden, eller vi leiger inn hytter hjå ein samarbeidspartner.

For dei som evt ikkje overnattar på garden, ordnar vi transport til og frå. Vi kan og hente / levere på flyplassen.


Mat og drikke

For “all-inkveiksive”-helgekursa, er alle måltid inkludert. For middag laurdagskvelden, vil ein måtte pårekne å dekke eigen drikke, men måltidet er inkludert i deltagaravgifta.