OM OSS
Det heile starta når ….
lensmannen i Valle Skipsreie, Peder Olsen, busette seg på garden Ouverdal i Søkelven – den gong ein del av Ørskog kommune – på slutten av 1500-talet. Etter lova var han pålagt å halde arbeidsfolket sitt med godt øl for å unngå skjørbuk og andre mangelsjukdommar.
No, meir enn 400 år seinare, bryggar etterkomarane fortsatt øl på garden. Om ølet smakar som det gjorde den gong er uvisst, men tradisjonen og oppskrifta heng fortsatt i veggane. Ølgjæra har og vore med oss sidan lensmannen si tid, men nye genar har vorte tilført langs med.
Dagens eigar og bryggar, Sigurd Johan Saure, har vakse opp med den gamle tradisjonen med råøl, og er ein ivrig heimebryggar. Sjølv om det i dag er meir moderne ølstilar som dominerer brygginga på garden, så vert det fortsatt stadig brygga råøl, akkurat som før i tida.